Chicago blues | |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Tidleg p? 1900-talet i Chicago i USA | ||
Typiske instrument | Elektrisk gitar, munnspel, trommer, piano, bassgitar, kontrabass, saksofon |

Chicagoblues eller Chicago blues er ei form for bluesmusikk fr? Chicago i Illinois. Chicagoblues er ein elektrisk bluesstil innan urban blues. Urban blues utvikla seg fr? klassisk blues etter flukta fr? S?rstatane, der afroamerikanarar fr? S?rstatane b?de frivillig og under tvang flytta til industribyane i nord, som Chicago. Muddy Waters var ein av dei som flytta, og som s? mange andre flytta han fr? Florida for ? unng? dei strenge Jim Crow-lovene i s?r. Bruce Iglauer, som skipa Alligator Records, sa at ?Chicagoblues er musikken fr? industribyen, og har ei industrikjensle ved seg.? Bluessongaren og gitaristen Kevin Moore s?g endringa i bluesen og sa at ?Du m? gje det nytt liv, nytt blod, mye perspektiv. Du kan ikkje berre snakke om muldyr og arbeid p? elvebardane.?[1] Chicago blues var kraftig p?verka av bluesmusikarane fr? Mississippi som reiste til Chicago tidleg i 1940-?ra. Utviklinga av blues, fram til Chicago blues, f?lgjer m?nsteret fr? country blues til by-blues til urban blues. Chicago blues er basert p? lyden av elektrisk gitar og munnspel, der munnspelet vert spelt gjennom eit PA-system eller ein gitarforsterkar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Urban blues byrja i Chicago og St. Louis, d? deltidsmusikarar spelte som gatemusikarar, p? festar og andre hendingar i dei svarte milj?a.[2]
Ein utviklingsstad for den tidlege chicagobluesen var utand?rsmarknaden i Maxwell Street, ein av dei st?rste utand?rsmarknadane i landet. Her kom folk fr? det svarte samfunnet for ? kj?pe eller selje om lag kva det skulle vere. Det var ein naturleg stad for bluesmusikarane ? spele, tene tips og jamme med andre musikarar. Den vanlegaste karrierevegen for ein bluesmusikar var ? byrje som gatemusikant og spele p? heimefestar f?r dei kom til bluesklubbane. Dei f?rste bluesklubbane i Chicago var hovudsakleg i dei svarte nabolaga i South Side, og eit par stykke i dei mindre svarte samfunna i West Side. Nyvinngar, kaotiske gater og barar f?rte til at det vart lagt til trommer i miksen og dette var opphavet til ein ny klubbkultur. Ein av dei mest kjende var Ruby Lee Gatewood's Tavern, som berre vart kalla ?The Gates? av bluesmusikarane. I 1930-?ra spelte nesten alle store bluesartistar der.[3]
Det som dreiv bluesmusikken ut internasjonalt var marknadsf?ringa til plateselskap som Paramount Records, RCA Victor og Columbia Records.[4] Gjennom slike plateselskap vart Chicago blues ei kommersiell verksemd. Den nye musikkstilen n?dde etter kvart Europa og Storbritannia. I 1960-?ra var unge britiske musikarar sterkt p?verka av Chicago blues og utvikla britisk blues.
Kjende musikarar
[endre | endre wikiteksten]
Kjende Chicago blues-musikarar er mellom andre songarar og l?tskrivarar som Muddy Waters, Howlin' Wolf,[5] Willie Dixon, Earl Hooker, Slim Harpo og Koko Taylor; gitaristar som Freddie King, Otis Rush, Jimmy Nick, Luther Allison, Magic Sam, Magic Slim, Linsey Alexander, Syl Johnson, Jimmy Rogers, Buddy Guy, Robert Lockwood jr., Bo Diddley, Mike Bloomfield, Mike Wheeler, Homesick James, Johnny Shines, Johnny Young, Floyd Jones, Eddy Clearwater, Mighty Joe Young, Phil Guy, Lil' Ed Williams, J.B. Hutto og Elmore James; munnspelspelarar som Big Walter Horton, Little Walter, Billy Boy Arnold, Charlie Musselwhite, Paul Butterfield, Junior Wells, Corky Siegel, Billy Branch, James Cotton,[6] Jimmy Reed,[5] Sugar Blue og Sonny Terry; klaverspelarar som Otis Spann, Lafayette Leake, Blind John Davis og Erwin Helfer.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger p? ?Chicagoblues? fr? Wikipedia p? engelsk, den 11. juni 2018.
- Wikipedia p? engelsk oppgav desse kjeldene:
- Keil, Charles (1991) [1966]. Urban Blues. Chicago, IL: University of Chicago Press. s. 255 + ix + 8pp of plates. ISBN 0-226-42960-1.
- Oakley, Giles (1976). The Devil's Music: a History of the Blues. London: BBC. s. 287. ISBN 0-563-16012-8.
- ↑ William H. Frey, ?The New Great Migration: Black Americans' Return to the South, 1965–2000?, The Brookings Institution, May 2004, s. 1–3, henta 11. juni 2018.
- ↑ Oakley, Giles (1976). The Devil's Music: A History of the Blues. New York: Taplinger. s. 177. ISBN 0800821890.
- ↑ Rowe, Mike (1973). Chicago Blues: The City and the Music. London: Da Capo Press. s. 40–49. ISBN 0-306-80145-0.
- ↑ Oakley, Giles (1976). The Devil's Music: A History of the Blues. New York: Taplinger. s. 172. ISBN 0800821890.
- ↑ 5,0 5,1 Gilliland, John (1969). ?Show 4 - The Tribal Drum: The rise of rhythm and blues. [Part 2]? (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ Kerzner, Barry (6. juni 2013). ?James Cotton’s ?Cotton Mouth Man? Delivers?. Chicagoblues.com. Arkivert fr? originalen 13. juli 2014. Henta 11. juni 2018.
- ↑ ?Chicago Blues – Artists?. AllMusic. Henta 11. juni 2018.