经期痛经缓解方法实在多 属穴位按摩疗法为最佳
A-side og B-side er det opphavlege namnet nytta p? dei to sidene p? ei 7-tommar vinylplate, som singlar vart gjevne ut p? i starten av 1950-?ra og fram til byrjinga av 1990-?ra. Uttrykket kom til ved at songen som vart plassert p? A-sida var den som plateprodusenten h?pte ville f? speletid p? radio og verte ein hit, medan B-sida, den andre sida av plata, var ein song som ofte vart sett p? som mindre god. Ofte var B-sida ein song som ikkje kom med p? albumet som A-sida ofte kom fr?, anten fordi det ikkje var plass eller han ikkje var god nok.
Etter at singlane byrja ? kome ut p? CD, har dei ofte inneheldt meir enn to songar, der song nr. 1 fungerer som A-side. Dei andre songane p? ein slik singel vert likevel ofte kalla ?b-sider?. Stundom gjev grupper ut eigne plater med samlingar av slike b-sider som ikkje har vorte gjevne ut p? andre album tidlegare.
Dobbel A-side
[endre | endre wikiteksten]Ei ?dobbel A-side? er ein singel som har to songar som kjem inn p? listene. Dette vart innf?rt av The Beatles i 1965 med singelen deira ?Day Tripper? som kom ut p? singel i lag med ?We Can Work It Out? d? bandet fann ut at begge songane var like gode og at dei ikkje ville gje den eine status som B-side.
Sidan enkelte singellister, som den amerikanske Billboard-lista, baserer seg b?de p? platesal og radiospeling, kan begge sidene p? same singel kome inn p? lista samstundes.