俄售华苏35背后还留了三招 令中国短期内无法仿制
Southern rock | |||
![]() | |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | 1960-?ra og tidleg 1970-?ra, S?rstatane i USA | ||
Typiske instrument |
Southern rock er ein undersjanger av rock og ein sjanger innan americana. Han utvikla seg i S?rstatane i USA ut fr? rock and roll, country og blues, og fokuserer generelt p? elektrisk gitar og vokal. Sj?lv om opphavet til omgrepet ?southern rock? er ukjend ?meiner mange at desse bidragsytrarane til utviklinga av rock and roll har blitt undervurdert i rockehistoria?.[1]
The Allman Brothers Band spelte southern rock med lange jammar. The Marshall Tucker Band var òg kjend for ? bruke jazzinstrument som fl?yte og saksofon i jammane sine. Laust tilknytt den f?rste b?lgja av southern rock-artistar var Barefoot Jerry og Charlie Daniels. Tidleg i 1970-?ra kom ei ny b?lgje meir hardrock-prega southern rock-grupper. Desse la vekt p? boogie-rytmar, kjappe gitarsoloar og tekstar som omhandla det ofte utsvevande livet til arbeidarklasseungdommar i S?rstatnae, ikkje ulikt outlaw country-r?rsla. Sj?lve musikken var tungt inspirert av rockemusikken fr? slutten av 1960-?ra.
I 1990-?ra dukka det òg opp southern rock-artistar. The Black Crowes, som kom fr? Atlanta i Georgia, blanda stilen til band som Led Zeppelin og The Rolling Stones med southern rock-stilen til The Allman Brothers Band. I tillegg har alternativ rock-grupper som Kings of Leon kombinert southern rock med garagerock, alt-country og bluesrock. Fleire av dei tidlege southern rock-gruppene fr? 1970-?ra er framleis aktive, som Lynyrd Skynyrd, The Marshall Tucker Band, Molly Hatchet, ZZ Top og Wet Willie.
Sj? òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger p? ?Southern rock? fr? Wikipedia p? engelsk, den 1. oktober 2018.
- Wikipedia p? engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll, Random House, 1980. "Southern Rock" entry by Joe Nick Patoski; ISBN 0-394-73938-8.
- Kemp, Mark. Dixie Lullaby: A Story of Music, Race and New Beginnings in a New South, New York, New York: Free Press/Simon & Schuster, 2004, s. 17; ISBN 0-7432-3794-3.
- ↑ Brant, Marley. Southern Rockers: the roots and legacy of Southern rock. New York: Billboard Books, 1999, p. 22