10秒5种枪法 特战武警绝活秀 网友:6得飞起不服不行
Sully Prudhomme | |
![]() Sully Prudhomme | |
Pseudonym | Sully Prudhomme |
Nasjonalitet | Fransk |
Statsborgarskap | Frankrike |
F?dd | 16. mars 1839 Paris |
D?d |
百度 文章提到,美国2005年即派武官进驻台北办事处,但相当低调,这些武官和台湾派驻美国的武官一样,不穿军服。
6. september 1907 (68 ?r) |
Yrke | Forfattar |
Spr?k | fransk |
Medlem av | Académie fran?aise, Det ungarske vitskapsakademiet |
![]() | |
Sully Prudhomme p? Commons |
Sully Prudhomme (eigentleg René Fran?ois Armand Prudhomme (f?dd 16. mars 1839 i Paris, d?d 6. september 1907 i Chatenay-Malabry) var ein fransk forfattar som i 1901 vann Nobelprisen i litteratur ved den f?rste tildelinga i historia. Svenska akademien gav han prisen ?spesielt med tanke p? dei poetiske verka hans, som vitnar om idealisme, kunstnarleg perfeksjon og ein sjeldan kombinasjon av b?de hjarta og intellekt.?[1][2]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Prudhomme voks opp i Paris i ein borgarleg katolsk familie. Han bestod f?rst inntakspr?va til naturvitskapelege fag ved Lycée Bonaparte (baccalauréat scientifique) og deretter til spr?k- og litteraturstudiet (baccalauréat de lettres). Etter ? ha arbeidd som ingeni?r i det som d? var eit oppstartfirma, Schneider Electric, som i blant blir kalla ?det franske Krupp?, gav han opp tanken p? ? bli ingeni?r og studerte jus i staden. Etterp? arbeidde han ei kort tid som advokat i Paris.
I midten av 20-?ra bestemde han seg for ? leve av ei ganske god arva formue og eigna seg heilt og fullt til litteratur og filosofi. Han debuterte i 1865 med diktsamlinga Stances et Poèmes, og fekk straks eit godt ry i litteraturkretsar.[3]
I sin f?rste periode skreiv han kunstferdig utarbeidde dikt med sentimentalt og romantisk innhald i den heller kj?lige stilen til Les parnassiens. Dikta pla han gje ut i tidsskrift og fr? tid til anna samle i bokform.
Han deltok i den fransk-pr?yssiske krigen 1870-1871, men fekk store helseproblem av det, noko han bearbeidde i Impressions de la guerre (1872) og La France (1874). Han endra no stil til ?poésie personnelle?, det vil seie dikt som med ein formal eleganse sameina vakre bilete, vakre tankar og vakre kjensler p? ein tiltalande m?te som lesarane p? hans tid fann like mykje glede i som dei sjarmerande filosofiske essaya som han skreiv om ei mengd ulike tema, og produserte i stort antal. Det mest kjende diktet hans er Le Vase brisé (1865).
I 1881 fekk han den anerkjenninga som litterat ? bli tatt opp i Académie fran?aise. Han blei òg anerkjend som ein moralsk autoritet ved ? bli oppteken som Chevalier de la Légion d’honneur (riddar av ?reslegionen).
Kritikk
[endre | endre wikiteksten]Prudhomme har g?tt inn i litteraturhistoria som den f?rste nobelprisvinnaren i litteratur, men sj?lv i Frankrike er han i dag ein praktisk tala gl?ymd forfattar.
August Strindberg skreiv i ein artikkel som inng?r i Samlade skrifter at Prudhomme var ein uverdig Nobelprisvinnar og knapt kunne kallast diktar. I f?lgje Strindberg fekk Prudhomme prisen av di han var medlem av Académie fran?aise og at m?let med tildelinga var ? f? Svenska akademien ut av gl?ymska.[4]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Poesi
[endre | endre wikiteksten]- Stances et poèmes, 1865.
- Les épreuves, 1866.
- Les solitudes: poésies, A. Lemerre (Paris), 1869.
- Les destins, 1872.
- La France, 1874.
- Les vaines tendresses, 1875.
- Le zénith (dikt), presentert i journalen Revue des deux mondes, 1876.
- La justice (dikt), 1878.
- Poésie, 1865-88, A. Lemerre, 1883-88.
- Le prisme, poésies diverses, A. Lemerre (Paris), 1886.
- Le bonheur (dikt), 1888.
- épaves, A. Lemerre, 1908.
Prosa
[endre | endre wikiteksten]- ?uvres de Sully Prudhomme (poesi og prosa), 8 bind, A. Lemerre, 1883-1908.
- Que sais-je? (filosofisk skrift), 1896.
- Testament poétique (essays), 1901.
- La vraie religion selon Pascal (essays), 1905.
- Journal intime: lettres-pensée (dagbok), A. Lemerre, 1922.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ in special recognition of his poetic composition, which gives evidence of lofty idealism, artistic perfection and a rare combination of the qualities of both heart and intellect".
- ↑ Nobelpristildelinga i 1901 p? nobelprize.org
- ↑ nobelprize.org
- ↑ Samlade skrifter av August Strindberg
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sully Prudhomme p? engelsk Wikiquote
- Sully Prudhomme p? tysk Wikiquote
- Sully Prudhomme p? fransk Wikiquote
- Sully Prudhomme p? fransk Wikisource
- Verk av og om Sully Prudhomme i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Verk av Prudhomme p? openlibrary.org
- Nobelpristildelinga i 1901 p? nobelprize.org
- Kortbiografi Arkivert 2025-08-04 ved Wayback Machine. p? academie-francaise.fr